Gode resultater fra NM i Trondheim

Submitted by
Jan-Tore Bratt…
Publisert
20. november 2021

For ei helg vi har hatt i Trondheim Spektrum! Takk til NM ITF Taekwon-Do og Trondheim Tkd klubb for eit nydeleg gjennomført arrangement. Giske Tkd klubb sendte 5 utøvarar oppover til helgas mesterskap. Over 460 deltakarar frå heile landet var samla for å konkurere om landsmestertitler og norgesmestertitler i mønster, fri sparring, tradisjonell sparring og spesialteknikk. Klubben sine utøvarar deltok i mønster og fri sparring og lagsparring.

Sammmen med Ålesund, Haram, Stordal og Molde Taekwon-Do klubb reiste deltakarane våra oppover til Trondheim med buss. Kjempe sosialt og kjekt å få reise sammen med andre klubber i regionen vår.

Ved ankomst fredag var det innveiing og registrering. Deretter vart det forhåpentligvis ei god natts søvn før dei fleste skulle på matta for å konkurrere i mønster på laurdag.
Laurdagen starta med mønsterkonkurranser, deretter offisiell opning med innmarsj av alle deltakarane, taler og oppvisninger. Kampane foregjekk i 9. forskjellige ringer samtidig så her måtte både tilskuarar og utøvarar ha fokus! Frå vår klubb deltok. Sofia, Annabel, Truls og Tora i mønster.

Her er det snakk om å halde fokus og nerver under kontroll.
Etter den offisielle opninga fortsatte dagen med konkurranse i mønster fram til deltakarane vart bussa tilbake til utøverhotellet for å gjere seg klare til kveldens bankett.

Tideleg søndagsmorgon var både utøvarar og supporterane på plass i Trondheim Spektrum for å delta og for å støtte utøvarane når dei skulle ut på matta for å konkurrere i frisparring og lagsparrring!

Her gjekk det slag i slag, og for ei uttelling klubben fekk! Vi enda opp med 2 gull, 2 sølv og 1 bronse.
Det gjekk til tider hardt for seg ute på matta, litt blod og svette må ein rekne med.
Sofia var 1. mann i ringen. Ho vann første kampen sin, gjekk seirande ut av semifinalen  og enda opp i ein drømmefinale med Tora! Annabel hadde 3 kamper.

Truls hadde få deltakara på si vektklasse og møtte sin overmann i Johannes frå Fana Tkd. Han kjempa ein tøff kamp.

Dagen vart avslutta med at Thomas deltok på lagsparring  for region nordvest og dei fekk ein velfortjent bronsemedalje! Lagmønster og lagsparring er veldig publikumsvenleg, og ei fin avslutning på eit godt gjennomført mesterskap.
Slitne og fornøgde satte vi oss på bussen og vende nasen heimat til Sunnmøre. Neste år er det NM/LM på Sotra utanfor Bergen. Det er berre å begynne å glede seg

Resultater

  • Gull - Tora Roaldsnes - Sparring DAN -55kg
  • Gull - Thomas Klokk - Sparring RØDT -68kg
  • Sølv - Sofia Schrøder-Bjørke - Sparring DAN -55kg
  • Sølv - Annabel Gundersen Heltne - Sparring DAN -60kg
  • Bronse - Thomas Klokk i lagsparring